Framsida
Arrangement
Utleige
Prisliste
Kontakt
Bilder
Turstiar
Goddo Grendalag
Erevikneset

 
 

Goddo Grendalag vart stifta i 1986 som formål å skapa trivsel for bygdakrinsen sine innbyggjarar.

Skulen i Erevik har i alle år vore ein stad kor folk har hatt ulike samankomstar for barn og vaksne for trivselen i bygda vår.

Den "nye skulen" blei tatt i bruk i august 1973. Det var ein stor dag  for Goddo og Sæverudsøy.

Året etter - i 1974 - blei Goddo landfast med resten av Bømlo med bru.

På 1990 talet og utover blei da mykje kamp om å få behalda skulen pga for lite barn til å fylla skulen vår. Etter stort press frå grendafolket klarte vi å behalda skulen til år 2001, men då valde foreldre som hadde barn i krinsen å søkja seg til Svortland Skule.  Politikarane fekk det då lett med å leggje ned skulen og grendafolket slapp "nedleggings spøkjelset" kvart år.

Goddo Grendalag blei då lova å få overta skulen - og slik blei det. Vi overtok skulen og navnet blei Grendatunet Erevik.

Bydga sto då framfor ein stor utfordring med restaurering. Det arbeidet tok til hausten 2001 og har fram til no blitt eit fint likale med to store salar på ca 120 og 100 m2, stort kjøken på ca 50m2 med kjølerom  samt dusjar, bibliotek og møterom. Det er eit stort areal ute med parkering og lekeareal.

Utearealet er delt i ein del som er satt av til lekeaktivitet kor det er leikeapparater og ein del med parkering.

Det er og lagt ut flytebrygge på 18 meter for gjester som kjem sjøvegen.

De finn oss på Bømlo. Ca 6 km frå Svortland sentrum mot Brandasund - ved sjøen.