Goddo
Grendalag bygde første turstien frå Helgaplass til Barmane
Friområde (1,1km) pluss flytebrygger og bruer for ca ni år
sidan.
Dette er eit populært og fint turområde både for
turgåarar og båt-turister. Her er opent fint turterreng med
store variasjonar i landskapet. Goddo er den største landfaste
øya i Bømlo Kommune, og vestsida av øya ligg heilt ut mot
Nordsjøen med blankskurte fjellparti, høge svaberg, øyar, holmar
og skjær som storhavet baskar mot.
Traseen over Goddo skal
inngå i Nordsjøløypa som Hordaland Fylkeskommune i fleire år har
arbeida med når det gjeld traseval og merking av turstiar som
skal følgje kyststripa frå Ryvarden Fyr i Sveio Kommune og til
Fedje Fyr i Norhordaland. Alt dette i nabolaget er ein
kjempefordel både for ung og gamal.