Framsida
Arrangement
Utleige
Prisliste
Kontakt
Bilder
Turstiar
Goddo Grendalag
Erevikneset

 
 

Sidan grendalaget overtok skulen er det blitt gjort mykje med huset for at det skal være egna til diverse arrangement i forskjellige størrelser.

Lokala er velegna til blandt anna: Møter, kurs og seminar, dåp, konfirmasjon og bryllaup, barneselskap, basar, bingo, julebord, firmafest, slektssamling eller bursdagfeiring.
Grendatunet Erevik kan leigast ut til: Offentlege og private verksemder, politiske grupper, lag og organisasjonar, privatpersonar.

Standard: Det er veldig god plass da vi har to salar, romsleg og godt utstyrt kjøkken, to garderobar med dusj. Enkel overnatting er mulig.

Diverse utstyr: Overhead, TV / Video og stereoanlegg

Då det er to salar kan ein bruke den eine til bespisning og den andre til aktivitetar. Ved arrangement kor det er ein del ungar til stades er det kjekt for dei å springa, spela fotball o.l i den eine salen, mens den andre blir brukt til f.eks. kake og kaffe.

Pynta til bryllup

Pynta til nyttårsfeiring

Kjøkenet er godkjent for cateringverksemd og har det meste av utstyr ein treng for å lage ein liten lunsj eller ein større bryllupsmiddag.

Utleigeprisar