Kart over turstiane på Goddo

Merk at dette er kart frå 2013, og derfor er ikkje alle stiane med her, deriblant Kurebu

 

Goddo Grendalag bygde første turstien frå Helgaplass til Barmane Friområde (1,1km) pluss flytebrygger og bruer i 1994.

Dette er eit populært og fint turområde både for turgåarar og båt-turister. Her er opent fint turterreng med store variasjonar i landskapet. Goddo er den største landfaste øya i Bømlo Kommune, og vestsida av øya ligg heilt ut mot Nordsjøen med blankskurte fjellparti, høge svaberg, øyar, holmar og skjær som storhavet baskar mot.

Traseen over Goddo skal inngå i Nordsjøløypa som Hordaland Fylkeskommune i fleire år har arbeida med når det gjeld traseval og merking av turstiar som skal følgje kyststripa frå Ryvarden Fyr i Sveio Kommune og til Fedje Fyr i Norhordaland. Alt dette i nabolaget er ein kjempefordel både for ung og gamal.

 

 

Turstia på Goddo

Dette er eit populært og fint turområde både for turgåarar og båt-turister. Her er opent fint turterreng med store variasjonar i landskapet. Goddo er den største landfaste øya i Bømlo Kommune, og vestsida av øya ligg heilt ut mot Nordsjøen med blankskurte fjellparti, høge svaberg, øyar, holmar og skjær som storhavet baskar mot. Goddo Grendalag bygde første turstien frå Helgaplass til Barmane Friområde (1,1km) pluss flytebrygger og bruer i 1994. Goddo Grendalag står også for vedlikehald av løypene. Fint merka sti ved vegkanten. Hengebru, postkasse og turbok på vegen. Det er og ei løype rett under kuleradaren før du kjem til Såtedalen, Katla.

Goddestaken

Goddestakken er ein flott utsiktstopp på Goddo. Kjør 2 – 300 meter ut mot Plassen til høyre like over Goddebrua eller parker ved parkeringsplassen ved Goddebrua. Det er raskast å gå via Barmane og attende til utgongspunktet. Dette er ein bra dryge tur, så du må gjerne setja av 3 – 5 timar.

Løypene er godt merka på Goddo.

Barmane friområde

Barmane er et flott tur- og båtutfartsområde som ligger på øya Goddo ca 4 km nord for Urangsvågen. Barmane er et båtutfartsområde tilrettelagt med flytebrygge og stier. Ca 1, 5 km å gå fra parkeringsplassen like nordvest for brua over Kinnesundet. Det er merkt tursti frå parkeringsplassen ved Helgeplass på Goddo.

Bømlo Turlag

Vi anbefaler også nettsiden av Bømlo Turlag. De arrangerer ein rekke ulike turer i løpet av sesongen. Og der finner du mer informasjon om  lokale fellesturer, lengre dagsturer/fjellturer og overnattingsturer.