§ 1 Goddo Grendalag skal ivareta krinsen sine interesser i form av sosiale aktiviteter og tiltak som skaper trivnad i nærmiljøet. 



§ 2 Goddo Grendalag er ope for alle som har naturleg tilknytning til krinsen. 

Familiemedlemskap gjeld frå 0 – 15 år. Etter fylte 15 år kan ein vera eige medlem. 

 

§ 3 Goddo Grendalaget sine aktivitetar er lagt til grendatunet i Erevik, både ute og inne, og alle må følgje dei reglar som gjeld for bruk av grendatunet sitt område. 

 

§ 4 Goddo Grendalaget skal drive utleige av grendahuset for ulike føremål. 

 

§ 5 Goddo Grendalag skal ha 6 styremedlemmer og 1 varamedlem som skal velgjast av Årsmøtet. Alle styremedlemmene skal velgjast for 2 år og varamedlem for 1 år. 

Varamedlem har stemmerett i styret når det erstattar eit styremedlem som har meldt fråvær til styremøtet.  
Årsmøte skal velgje 2 personar til valnemd for 1 år og revisor for 1 år. 

 

§ 6 Valnemda skal fremma kandidatar til leiar, nestleiar, sekretær, kasserar, 2 styremedlemmer og  
1 varamedlem. I tillegg skal valnemda fremma kandidat til revisor for 2 år. Styret skal fremma 2 kandidater til valnemd for 2 år, eit medlem kvart år. 

For at det skal vera kontinuitet i styret, skal leiar, kasserar og eit styremedlem velgjast det eine året og nestleiar, sekretær og eit styremedlem det andre året. 

 

§ 7 Årsmøtet skal avviklast seinast innan 1. mars. På Årsmøtet skal desse sakene handsamast: 

 

Godkjenning av innkalling, dagsorden og saksliste 

Årsmeldingar 

Rekneskap 

Årleg medlemskontingent 

Innkomne saker 

Val 

 

I tillegg skal styret orientere om Grendalaget sine noverande og planlagde aktivitetar. 

 

§ 8 Det skal krejvast inn medlemskontingent kvart år som er fastsett av Årsmøtet. 

Medlemskontingenten skal krevjast inn straks etter Årsmøtet med betalingsfrist. Dersom eit medlem ikkje har betalt medlemskontingent for siste år, kan styret vedta at medlemmet skal strykast frå medlemslista. 

 

§ 9 Kasserar og leiar er ansvarleg for Grendalaget sine midler. Styret er gitt fullmakt av Årsmøtet til disponera laget sine midler til nye investeringar, drift og vedlikehald for inn til kr. 50.000,-. Vedlikehald og invisteringar ut over ramma, skal leggjast fram for Årsmøtet eller eit allmannamøte for medlemmene i Goddo Grendalag og som då kan vedta ei større økonomisk ramme for tiltaket. 

 

§ 10 Dersom 1/3 av medlemmene ynskjer ekstraordinært Årsmøtet, skal styret leggja til rette for det. Endring av vedtektene for Goddo Grendalag kan berre Årsmøtet vedta.