Bømlo kommune KPA 2024

Publisert av David Vassnes den 05.04.24.

Hei


Goddo Grendeutval ønsker å invitera nettopp deg til eit
informasjonsmøte med Bømlo kommune på Erevik Grendatun,
onsdag 17.april 2024 kl. 19:00
Det er lagt opp til informasjon frå representantar frå Bømlo kommune og moglegheit for å
stille spørsmål. Dette er ein plan som vil ligge som gjeldande i minst 10 år framover, så her er
det lurt å ta turen. Har du noko du vil ta opp, ta gjerne kontakt med styret i Grendalaget på
forhand. E-post:
styret@erevik.net

 Legg spesielt merke til Byggjegrense til sjø:
Det er i gjeldande plan sett generell byggjegrense i føresegnene på 25 og 50 meter. Dette kan ikkje vidareførast
på grunn av at dersom man skal avvike frå 100-meteren så må dette være vurdert konkret for arealet. Me har
derfor to alternativer i 100-metersbeltet:
Forholde oss til det generelle byggjeforbudet i 100-metersbeltet
Gjere konkrete vurderingar og sette byggjegrensa konkret
Det er sett byggjegrense til sjø i alle føremål for utbygging som ligg i 100-metersbeltet, med to typar unntak:
Der det er sett plankrav skal byggjegrensa vurderast i ny reguleringsplan
Der det er gjeldande reguleringsplan som har byggjegrense i planen
I føremål som ikkje er til utbygging (til dømes grønstruktur) og LNF-føremålet er det ikkje sett byggjegrense og
det er dermed 100-metersbeltet som gjeld.

Byggjegrensa ligg i plankartet og grunngjeving/vurdering ligg i eige vedlegg på nettsida til kommunen.
Ref.: https://www.bomlo.kommune.no/tenester/arealplan-bygg-eigedom-og-brann/kommuneplanen-sinarealdel/ny-arealdel-under-arbeid/

 Møte blir delt i to, som vist under:
Orientering om Kommuneplanens arealdel.
Orientering om andre overordna planar og prosjekter som er relevante, som til dømes
kommuneplanens samfunnsdel og kulturplan
Det vert forfriskingar frå Gaffel & Vaffel Catering