Jula 2023

Jula 2023

Publisert av David Vassnes den 30.11.23. Oppdatert 23.02.24.

Me ønsker å invitere alle til 1. advent på grendatunet, søndag 3.desember kl 16:30 - 18:00

Ta med mat på fat og ein liten gevinst til åresalg. Det vil bli ein ettermiddag litt utan om det vanlege, så her er det berre til å sette av tida. 

Det vil bli historier om jul på Goddo frå gamledagar med kjente og kjære Goddarar (noko liknande Skavland showet). 

Nissen har meldt sin ankomst i år også.


Ta gjerne med venner og familie til grendatunet

Har du gamle bilete frå julefeiring på Goddo, så setter me stor pris på om du vil dele dei med oss. Send dei til styret@erevik.net eller på Messenger til Goddo Grendalag, så vil me vise dei på storskjerm. 

 

Vel møtt

Styret