Goddo Grendalag, treng deg for å overleve!
Eit Grendalag. Kva er det? Eit lag for grenda, eit samlingspunkt om det me har felles; natur, historie, levekår og tradisjonar.
Kven er med i dette laget? Alle! Men berre nokon få er synlege? Om laget blei borte, ville me sakna det? Kva ville me sakna i så fall? Me er så heldige at me har eit Grendahus, ein stad me kan samlast ved ulike anledningar, eit sted me kan leiga rimeleg for private lag.
Me er så heldige at me har eit Grendalag, folk som opp gjennom åra har tatt på seg verv og gjort en frivillig innsats for Grendalaget vårt. Utan denne positive dugnadsånda, har me verken huset eller laget!
Grendahuset, Grendalaget. Kva betyr det for deg? Ville du sakna det om det blei vekke? Kva ville du sakna, trur du? Det kan være verdt å stille seg sjølv slike spørsmål. Det kan få oss til å vakne opp og ta vare på det me har tatt for gitt, få oss til å engasjera oss i det me ynskjer å behalde!
Grenda fellesskap, gode tradisjonar, og dugnadsånd, det er ikkje nokke som overlever av seg sjølv. Det krev stadig oppmerksomhet og engasjement frå oss alle, om me skal kunna oppleve det i vår tid, og bringe disse verdiane videre til våre ungar og barnebarn.
Så, oppfordringa til dåke alle, blir denne: Betyr lokalmiljøet og grenda fellesskapet noko for deg? Ønsker du å behalde Grendahuset og Grendalaget?
Vis det! Møt opp! Engasjer deg! Ta kontakt med styret om du lurer på noko eller har noko på hjartet! Prisen blir høg om ingen gjer noko, men det kostar så lite om alle gjer litt. Det er det som er så fantastisk med Dugnadsinnsats! ME kan gjere LITT kvar og ein av oss, men samen får me gjort så MYKJE!
Styret i Grendalaget vil invitera alle som ønsker å bidra i Grendalaget til å komme på eit medlemsmøte: 5. juni 2023 kl. 18:30
Agenda:
- Organiseringa av det frivillige arbeide i laget
- Avtalen med kommunen går ut 2030 kva tenker me om framtida?
Det er ikkje krav om medlemskap i Grendalaget for å komme, berre eit ønske om å bidra.
Det vil bli servert mat, så påmelding innan: 25 mai 2023
Påmelding: styret@erevik.net
Messenger Facebook sida til Grendalaget
eller mobil: 48212155